top of page
Web-1370242.jpg

Om

Fyr til Fyr er den krevjande, spektakulære turen frå Golleneset fyr til Runde fyr. Vi er eit av Noregs vakraste fjelløp, rett ved kanten av Atlanterhavet.

​

Fyr til Fyr er ein felles innsats frå lokalsamfunnet. Vi er idrettslaget. Vi er kommunen og næringslivet. Vi er lokalsamfunna på alle øyane, og vi er Røde Kors, Sanitetskvinnene og Flyktningkontoret. Vi er løpet der alle er involverte – som deltakar, frivillig, publikum, sponsor eller arrangør.

​

Fyr til Fyr er meir enn ein maraton. Vi er ein festival, med Fosnavåg-konferansen torsdag og fredag før løpet og sommarsamlinga gjennom laurdag og søndag.

​

Fyr til Fyr er for alle. Vi er for dei som vil vere først til Runde fyr, for dei som vil gå sakte og nyte naturen, og for dei som berre vil gå delar av stien. Vi er for dei yngste og for den som er eldst av alle. Vi er for dei som er nye i bygda, og for dykk som kjenner kvar krok av alle fjella.

​

Fyr til Fyr er ditt nye reisemål.

La oss gå saman.

Korleis det heile starta

Ideen frå vennegjengen frå Fosnavåg var opphavleg å ta nye, spektakulære turar i regionen kvar juni. Fjellmannen, Daniel Huldal Schjelderup, fekk ansvaret for å velje rute det første året. Han valde fotturen frå Golleneset Fyr til Runde Fyr, med overnatting i mål. Ruta han planla var krevjande, sett i spektakulær natur. Han visste berre om eit par andre som hadde gått turen før, og det vart sagt at dette var ei reise man berre gjer éin gong.

​

Rutekartet han sendte ut viste at reisa var på nøyaktig 42 kilometer. Eit maraton! Gruppa bestemte seg for å gjere dette til eit årleg arrangement – og dei ville gjennomføre det.

​

Det viste seg at mange syntes det var ein flott idé med eit spektakulært fjelløp heilt i havkanten. Rundt 500 personar blei med som deltakarar eller frivillige i testløpet i 2023.

På grunn av behovet for adkomst med bil er banen 43 kilometer og kvalifiserer derfor som ultramaraton. Løpet går no i midtsommarhelga kvart år. Er du klar?

Web-1370968.jpg

Deltakara så langt

170+

Nasjonalitetar så langt

1+

Fyr til fyr .png
bottom of page